Skal du byggje, rive, rehabilitere eller endre ein bygning? Då er det viktig å kjenne til kva reglar som gjeld for eigedomen din.
På denne sida finn du informasjon om lovverk, forskrifter, rettleiingar og planar som kan ha betydning for byggjeprosjektet ditt.
Sist endra 17.07.2026 14:53
Kva er byggesaksprosessen?
Byggesaksprosessen er kommunen si vurdering av om eit tiltak er i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og planar.
Kommunen vurderar mellom anna:
- om tiltaket følgjer kommuneplan og reguleringsplan
- om plasseringa er i samsvar med regelverket
- om grad av utnytting er innanfor tillatne rammer
- om tekniske krav er oppfylte
- om søknaden er sendt inn på rett måte
Målet er at byggesaka skal behandlast effektivt, samstundes som kvalitet, tryggleik og omsyn til omgjevnadene vert ivaretekne.
Kven har ansvaret?
Det er du som eigar eller tiltakshavar som har ansvar for tiltak på eigen eigedom.
Difor bør du setje deg inn i regelverket før du:
- byggjer nytt
- set opp tilbygg eller påbygg
- riv bygningar
- endrar bruk på bygningar
- gjennomfører større endringar på eigedomen
Kva lover gjeld for byggsaker?
Følgjande lover er særleg aktuelle ved bygging og endring av bygg og eigedom:
Plan- og bygningslova
Plan- og bygningslova er hovudlova for byggesaker og arealforvaltning.
Forureiningslova
Forureingslova regulerar mellom anna utslepp, avfall og miljøpåverknad
Grannelova (nabolova)
Grannelova regulerar rettar og plikter mellom naboar.
Kva forskrifter gjeld for byggesaker?
Byggesaksforskrifta (SAK10)
SAK 10 inneheld reglar for korleis byggesaker skal handsamast, kva dokumentasjon som krevst og kven som kan vere ansvarleg i saka.
Byggteknisk forskrift (TEK17)
TEK17 stiller krav til mellom anna:
Kva planar gjeld for eigedomen min?
Før du planlegg eit tiltak bør du undersøkje kva planar som gjeld for eigedomen.
Kommuneplan
Kommuneplanen vidar overordna mål og arealbruk i kommunen.
Reguleringsplan
Reguleringsplanen gjev detaljerte reglar for bruk og utbygging av eit område.
Treng du hjelp?
Dersom du er usikker på kva regelverk eller planar som gjeld for eigedomen din, kan du kontakte kommunen for rettleiing før du startar neste prosjekt. Book gjerne ein samtale eller møte med ein av våre sakshandsamarar.