Prisar for byggesak

Kor mykje kostar det å søkje

Saksbehandlingsgebyret blir rekna ut frå eit basisgebyr på kva du skal bygge og eit arealgebyr for byggverket sin storleik. Dersom du søker om dispensasjon kjem dispensasjonsgebyret i tillegg.

For alle typar bygg betalast eit basisgebyr for kvar frittståande bygning inntil 300 m² bruksareal

Byggesak - Rammeløyve
RammeløyvePris
Tiltaksklasse 1 – rammeløyve 18.100
Tiltaksklasse 2 – rammeløyve21.700
Tiltaksklasse 3 – rammeløyve25.300

 

Byggesak - Igangsetting
IgangsettingPris
Tiltaksklasse 1 – igangsetting12000
Tiltaksklasse 2 – igangsetting15700
Tiltaksklasse 3– igangsetting16300
Delsøknader utover to trinn kvar gong3620

 

Byggesak - Eit trinns handsaming:
Eit trinns handsaming:Pris
Tiltaksklasse 1 – eitt trinns handsaming kr. 24.100
Tiltaksklasse 2 – eitt trinns handsamingkr. 27.700
Tiltaksklasse 3 – eitt trinns handsamingkr. 31.400
Søknad om tiltak utan ansvarsrettkr. 6.000
Mellombels brugsløyvekr. 6000
Førehandskonferansekr. 4.830

Ved mellombelse bygningar betalast fullt gebyr i den kategori bygget omfattar.

Ved bruksendringar der det ikkje vert gjennomført ombygging betalast 25% av fullt gebyr for den kategori bygget skal nyttast til. Ved bruksendring der det vert gjennomført ombygging, betalast 50 % av fullt gebyr.

Andre søknadspliktige tiltak som fasadeendring, vindaugsskift (som medfører fasadeendring), støttemurar, støyskjermar, graving/fylling, antenner, skilt, balkongar etc. betalast med kr. 4.830.

Avvik frå høgde/avstand etter pbl  § 29-4 betalast med kr. 9.660.

Dispensasjonar med heimel i pbl.§ 19-1
Formål: kr. 18.100.
Andre: kr. 18.100.

Godkjenning av ansvarsrett
ByggesøknaderPris
Ved førstegangs godkjenning av sjølvbyggarkr. 3 740
Ved seinare godkjenning med nye funksjonar for sjølvbyggarkr. 2 490

For separate søknader som godkjenning av tekniske installasjonar, heisanlegg, tankar og avløpsanlegg og konstruksjonar som ikkje gjev BRA betalast kr. 2.620.

Utover 300 m² bruksareal vert basisgebyret auka med kr. 46 pr. m². Basisgebyret skal ikkje overstige kr. 98.250.

Gebyr byggesaks- og planhandsaming:
Gebyret er vedteke med heimel i plan- og bygningslova § 33-1 og gjeld tiltak som blir handsama etter forskrift om byggesak (Byggesaksforskriften) av 01.07.2010.

§ 1. Gebyr omfattar
Totalt gebyr omfattar:
Utskriving av grunnlagskart for situasjonsplan, naboliste. Sakshandsaming, godkjenning av ansvarlige, dokumentkontroll, tilsyn i byggeperioden og nødvendige attestar. Gebyret vert skreve ut til tiltakshavar.
Situasjonskart/oppmåling av bygg og terreng etter § 19 i SAK er ikkje inkludert i gebyrsatsane.
 
§ 2 Betalingsplikt
Alle som får utført tenester etter dette regulativ skal betala gebyr.
 
§ 3 Tidspunkt for gebyrutrekning
Gebyret vert utrekna etter det regulativet som gjeld den dato kommunen motteke ein tilfredsstillande melding eller søknad.

§ 4 Tidspunkt for fakturering og betalingstidspunkt
Når vedtak i samband med søknad/melding er gjeve vert fakturering for gjeldande gebyr utført.

§ 5 Prosjekt som kjem inn under fleire tiltaksklassar
Ved prosjekt som kjem inn under fleire tiltaksklassar vert gebyret utrekna etter tiltaksklasse for ansvarleg søkar.

§ 6 Mangelfulle søknader
Dersom søknaden openbart er mangelfull, betalast eit gebyr på kr. 820 for arbeid med innhenting av fullstendige opplysningar.

§ 7 Avslag
Ved vedtak på søknad/melding som medfører avslag betalast 50 % av fullt gebyr.
Ved vedtak som medfører avslag på søknad om ansvarsrett eller dispensasjon, betalast fullt gebyr.

§ 8 Tiltak som ikkje kjem til utføring
For tiltak der løyve er gjeve, men ikkje kjem til utføring vert 50 % av gebyret tilbakebetalt etter søknad.

§ 9 Ulovleg bygging
Ulovleg bygging vert belasta med dobbel sats av fullt gebyr etter reglane for søknadspliktige tiltak, også der tiltaket i utgangspunktet er meldepliktig. Gebyret skal også betalast der søknaden medfører avslag.

§ 10 Høve til å klage
Fastsetjing av gebyr i den enkelte saka kan ikkje påklagast. Rådmannen si avgjerd i søknad om reduksjon av gebyr kan påklagast etter reglane i forvaltningslova.

§ 11 Krav til private planframlegg og forslag om reguleringsendringar
Private planframlegg, herunder endringsframlegg, skal leverast i digital form på gjeldande SOSI-format

Gjeldande gebyrsatsar for søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningslova:
For alle typar bygg betalast eit basisgebyr for kvar frittståande bygning inntil 300m² brugsareal.