
Lokal fritidskasse kan dekke
- deltakaravgift / medlemskontingent / treningsavgift i organiserte fritidsaktivitetar
- deltakaravgift til cup / leir
- reiseutgifter til eller frå organiserte fritidsaktivitetar / cupar / leir
- kostnadar til utstyr og evt. andre utgifter som er påkravde for å kunne ta del i faste organiserte aktivitetar
Det er vilkår om at utgiftene skal vere knytt til bruk i faste organiserte fritidsaktivitetar i regi av lag og foreiningar.
Ordninga dekkjer ikkje innkjøp av kostbart utstyr tiltenkt bruk i privat regi. Her oppmodar kommunen om å bruke eigne utlånsordningar for utstyr, eller å nytte seg av Utstyrssentralen i kommunen.
Kven kan søkje?
Lag og foreiningar som er registrerte i Årdal kommune og som har ei formell rolle ovanfor målgruppa, kan søkje om midlar frå lokal fritidskasse. Det er laget eller foreininga som søkjer om midlar for å dekkje sine utgifter, ikkje brukaren.
Søknadskriterie
Ordninga stiller ikkje krav til dokumentasjon av privatøkonomi. For å kunne få innvilga støtte, må søkjar bekrefte at behovet for stønad er reelt. Vurderinga av behovet er basert på dialog og tillit mellom ansvarlege vaksenpersonar i laget og den aktuelle brukaren/målgruppa.
Søkjar skal ha gode rutinar for å ivareta personvernet til born og unge som tek del i tiltaket, og for å følgje opp uynskte hendingar.
Organisering
- Tilskot kan søkjast fortløpande i elektronisk søknadsskjema på kommunen si heimeside.
- Fritidskassen har avgrensa midlar. Tildelingar vert gjort ut frå ei skjønnsmessig vurdering.
- Tilskot vert overført til søkjarens lag og foreining som får dekka sine utgifter til medlemskontingent, utstyr, treningsleir osb. Midlane skal ikkje betalast ut til brukaren/målgruppa.
Tidsavgrensing
Tilskotsordninga er basert på tilskotsmidlar frå Bufdir til inkluderande oppvekstmiljø for born og unge, samt ein kommunal eigenandel. Årdal kommune har motteke tilskot for 2024,
Søknadskjema
Søk om tilskot frå lokal fritidskasse - Årdal kommune (ardal.kommune.no)