Årdal kommune har utarbeida ein rapport som viser klima- og naturrisiko. Arbeidet er utført saman med Vestland Fylkeskommune og Hydro, og Vestlandsforsking og Norce har utarbeida rapporten.
Sist endra 17.06.2026 09:14
Les meir om temaet på denne sida, inkludert risikoanalysen.
Om du vil gå rett til rapporten, kan du lese rapporten her
Vestland Fylkeskommune har laga ein rettleiar til arbeidet
Vestland fylkeskommune, ved seksjon plan, klima og analyse, har laga ein rettleiar som hjelper kommunar å kartleggje klimarisikoen sin. Rettleiaren tek deg gjennom sjølve kartlegginga og er meint som eit kunnskapsgrunnlag for mellom anna kommuneplanen sin areal- og samfunnsdel, planstrategiar og økonomiplan. Analysen blir gjord i eit tilhøyrande Excel-verktøy, medan rettleiaren forklarer framgangsmåten steg for steg.
Det faglege grunnlaget er ein metoderapport frå Vestlandsforsking og NORCE («Analyse av klimarisiko og naturrisiko», 2025), saman med forslag til metode frå den nasjonale klimasårbarheitsanalysen (2024) og «Klimarisiko i kommunene» (2021). Øvre Årdal er brukt som konkret døme i rettleiaren – mellom anna i aktsemds- og farekart for flaum og maksimal vasstiging – for å vise korleis ein kan synleggjere eksponerte område i ein kommune.
Les den her (PDF, 6 MB)