Ergoterapeuten jobbar med alle aldersgrupper for å fremje helse, forebygge sjukdom og bidra til at du kan leve eit aktivt liv og meistre daglege aktivitetar.
Kva tilbyr me?
- kartlegging og vurdering av din funksjon.
- formidlar behov for hjelpemidler og hjelper med søknad til NAV hjelpemiddelsentral innan rørsle, syn- og hørselstap, velferdsteknologi og kognisjon
- råd og bistand ved behov for tilrettelegging i bustad, skule og barnehage
- trening etter hjerneslag, handtrening ved artrose eller skader i hand - kan være individuelt og i gruppe
- kvardagsrehabilitering
- bidrar i planarbeid med kunnskap om universell utforming. Målet er at offentlege bygg og uteområder er tilgjengelige og brukbare for alle
Kven kan få tilbodet?
Du som har ein skade, sjukdom eller nedsett funksjon som medfører vanskar med å meistre eigen kvardag.
Korleis få tilbodet?
Du kan ta direkte kontakt med ergoterapeut på telefon eller e-post.
Andre som til dømes foreldre, pårørande, fastlege, sjukehus kan også ta kontakt på dine vegne.
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Kva skjer vidare?
Når ditt behov er registrert, vil ergoterapeut ta kontakt og gjere ein nærare avtale med deg.
Kan du klage på tilbodet?
Skriftleg klage kan sendes til avdelingsleiar for ergo- og fysioterapitenesta
Lover og informasjon
Lov om folketrygd
Helse- og omsorgstenesteloven kapittel 3
NAV Hjelpemiddelsentral Vestland
Sist endra 02.01.2025 10:19