Ordførar i Årdal kommune
Christian Sønstlien, født 1989, er frå Arbeidarpartiet og ordførar i Årdal kommune. Christian er tilsett i Hydro Årdal og har industribakgrunn.
Å vere ordførar i Årdal er heiltidsverv og Christian er inne i sin første periode som ordførar.
Ein ordførar er kommunen sin øvste folkevalgte leiar i kommunen, og er kommunen sin rettslege og politiske representant.
Ordføraren skal bidra til eit godt politisk klima og vere bindeledd mellom det politiske og administrative nivået.
Kommunestyret vel ordføraren i samband med konstituering av nytt kommunestyre etter kommunevalet kvart fjerde år.
Varaordførar i Årdal kommune
Anne Kauppi frå Arbeiderpartiet er varaordførar i Årdal kommune.
Anne Kauppi, født 1965, er frå Arbeiderpartiet. Ho har vore aktiv i kommunestyret i mange år og er inne i sin andre periode som varaordførar. Til dagleg er Anne dagleg leiar i Sogn Opplæringskontor AS.
Varaordføraren si oppgåve er vere til hjelp for ordføraren. Dersom ordføraren mellombels trer ut av sitt verv, rykker varaordførar opp som ordførar.
Ordføraren kan be varaordføraren utføre oppdrag på sine vegne.