Kontrollutval

Kontrollutvalet er eit lovpålagt organ for alle kommunar. 

Kontrollutvalet er kommunestyret sitt eige kontroll- og tilsynsorgan.

Kontrollutvalet skal gjennom arbeidet sitt auke den almenne tilliten til at kommunale oppgåver blir gjennomførte på ein måte som gir tryggleik for ei open, hjelpsam og likeverdig behandling og at innbyggarane får god rettstryggleik.

PWC har sekreteriatsfunksjon for kontrollutvalet i Årdal. Det er sekretariatet som er ansvarleg for innkalling og utsending av saksdokument.

I Årdal har kontrollutvalet fem medlemar.  Medlemar og varamedlemar av kontrollutvalet kan ikkje ha andre folkevalde verv enn det å vere kommunestyremedlem. Personar som har leiande stillingar i kommunale føretak og selskap kan heller ikkje veljast. Det same gjeld for tilsette i kommunen.