BarnehageplassLytt til tekstenStopp avspillingRett til barnehageplass gjeld i kommunen der barnet bur.Nytt barnehageår startar 15. august.Hovudopptak - om du ønske barnehageplass frå august må du søke innan 1. februar.Barn som har flytta til Årdal og er fylt eit år innan desember eller er eldre, skal etter søknad få barnehageplass innan 2 månadar.Gå inn på søknadsskjema som du fyller ut og send direkte til kommunen. Viktig å vita før du søkerOpningstiderAlle barnehagane er opne frå kl. 06:45 til 16:00.Maks opphaldstid pr dag er 9 timar.Type plassHeil plass - 9 timar kvar dag.Halvplass - 9 timar anna kvar dag.OpptakVed hovudopptak får barn som fyller 1 år innan 30. november tilbod om plass i den månaden dei fyller år.Barn som er født innan utgangen av desember, og har søkt innan søknadsfristen 1. februar for hovudopptak, har rett på barnehageplass ved oppstart i starten av januar året etter.Alle barn som flyttar til bygda og som hadde rett til plass ved siste hovudopptak, er sikra barnehageplass. Dette innan rimeleg tid og seinast 2 månader etter at søknad er levert. Barnet vil få tildelt plass i den barnehagen som har ledig kapasitet.Prisar BarnehageplassIngen hushaldning skal betala meir enn 6% av samla inntekt for ein barnehageplass. Familien må søkja om reduksjon. Nye reglar for prisar frå 1. august 2025. For sein henting av barn vert fakturert med kr. 200,- kvar gong.BarnehageplassFull plassDelt plass700350 VedtekterBarnehagevedtektene i Årdal kommune (PDF, 158 kB)Søknad om barnehageplassSøknadsskjemaet om barnehageplass er elektronisk. Du kan velge mellom seks barnehagar i søknaden din. Sett opp i prioritert rekkefølge.NB! Det er viktig at begge føresette vert registret i søknadsskjema. Søknad om barnehageplass går via Visma Foresatt Søknadsfrist for hovudopptak er 1. februar.Svare på tilbod om barnehageplassDu takkar ja til tilbod om barnehageplass på same stad som du søkte, Visma Foresatt Lenke til å svare finn du på framsida når du har logga deg inn. Bytte barnehage, endre eller seie opp barnehageplassByte barnehage Du kan søke om å byte til ein anna barnehage og får plass ved ledig kapasitet. Endre barnehageplass Ønsker du å endre barnehageplassen (type plass) gjer du det i. Seie opp barnehageplass Du seier opp barnehageplassen elektronisk. Minner om ein månad oppseiingsfrist. Slik blir plassane tildeltPlassane blir tildelt etter §6 Prioritering av hovudopptak i vedtektene. (PDF, 158 kB)Kva om eg ikkje får plass i fyrstevalet mitt?Du vil då få tilbod om plass i ein anna barnehage. Du har rett på barnehageplass i kommunen, men vi kan ikkje garantere eit tilbod i ein av barnehagane du prioritert. Kan eg stå på venteliste til den barnehagen eg har som fyrsteval?Du kan takke ja til plassen, og samtidig stå på venteliste til ein barnehage som du har prioritert høgre.Svar på søknadenMe sender deg svar på søknad om barnehageplass innan tre veker.For å svara på denne må du logga deg inn på Visma foresatte og godkjenne eller avslå barnehageplassen.KlageKlagerettVed hovudopptak kan du klage dersom du ikkje får fyrste eller andre ynskje oppfylt.Formannskapet er klageinstans. Klage sender du til kommunedirektøren, seinast tre veker etter at melding om vedtak er motteke.Søkjarar som ikkje får fyrste eller andre ynskje oppfylt, kan krevje skriftleg grunngjeving for kvifor barnet ikkje har fått ynskja barnehageplass.