A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Vinnarar av "svøm deg til Kroatia 2014"

Årdalshallen har opplevd auka deltaking i 2014.

Dei tre første månadene i år har Årdalshallen vore ein av symjehallane som har delteke i den landsomfemnande kampanjen i regi av Norges svømmeforbund. Det har vore ein fin auke i deltakartal der hallen i år har hatt 50 personar som har meldt seg på, både born og vaksne. Av desse er det 23 personar som har klart meterkravet på 2500 meter for born eller 10 000 meter for vaksne. Total distanse alle deltakarane har sømt her i Årdal i løpet av kampanjen er 343625 meter. Elles er det gledeleg å sjå at mange også har registrert seg på nettet, og har lagt inn distansen sin der.

Tre av dei som har delteke og oppnådd distansen har vorte uttrekt til å delta i den sentrale konkurransen der førstepremien er ein tur for to til Kroatia for vaksne, eit weekendopphald på hotell for dei mellom 14 og 25, og ein tur for ein familie til Kroatia for vinnaren av barneklassen. Dei lokale vinnarane får også ein liten premie som kan hentast i badevaktluka i Årdalshallen.

Dei som er uttrekt her i Årdal er:

Barn: Katrine B Midtbø

Ungdom: Elin Solheim

Vaksne: Kjell Furseth

Vi gratulerer.

Tips ein ven Skriv ut