A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Viltforvaltning - fleire ulike kurs i mai

Felles Landbrukskontor ÅLA har teke initiativ til 3 kurs som vert arrangert i mai månad.
Det vert "Feltkontrollørkurs", "Slaktekurs" og "Kurs i å laga spekepølsa". Norsk hjortesenter på Svanøy vil halde kursa.

Påmeldingsfrist 5. mai.

Påmelding på e-post til knut.fredrik.oei@laerdal.kommune.no

Det er avgrensa plass på desse kursa, og me veit av erfaring at det er rift om å koma med. Så ikkje nøl, men hiv dykk med og bli enda klokare!

Feltkontrollørkurs 19. mai klokka 0900-1600 på Villakssenteret i Lærdal
Her er det plass til 20 deltakarar. Info om kurset finn du her: http://www.hjortesenteret.no/feltkontrollor/
Kurset er i utgangspunktet forbeholdt jegrar frå Årdal, Lærdal og Aurland. Pris ca 1500 kr, avhengig av tal deltakarar.

Slaktekurs 20. mai klokka 1000-1600 på Lund Hjort i Lærdal
Her er det plass til 10 deltakarar. Prisen er kr 2500,-.
Info om kurset finn du her:http://www.hjortesenteret.no/kurs-i-slakting/

Kurs i å laga spekepølse 21. mai klokka 1000-1600 på Lund Hjort i Lærdal
Her er det plass til 10 deltakarar. Prisen er kr 2500,-.
Info om kurset finn du her: http://www.hjortesenteret.no/spekepolse/
Det er Johan Trygve Solheim som vil halde kurset, ikkje Magnhild Dyrdal.

 Me håpar de finn noko av interesse!

Tips ein ven Skriv ut