A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Vil du sitte i røystestyret til kommune- og fylkestingvalet 2015

Årdal kommune treng personar som kan sitte i røystestyret ved kommune- og fylkestingvalet 2015. Det skal veljast eit røystestyre i kvar av kommunen sine 2 krinsar og desse vil ha som oppgåve å leie gjennomføringa av valet på valdagen.


Valdagen for kommunestyre- og fylkestingsvalet er måndag 15. september.

Det er 2 krinsar i Årdal; Øvre Årdal krins og Årdalstangen krins. I begge krinsane er det trong for personar i fylgjande funksjonar:

  • Leiar
  • 2 medlemer
  • 1 varamedlem

Listekandidatar til kommunestyrevalet i Årdal og fylkestingvalet i Sogn og Fjordane i 2015, kan ikkje veljast til røystestyret.

Krav:
Du må ha røysterett til valet og vere folkeregistret som busett i kommunen.  Det er ein fordel at leiar/medlem har datakunnskap da det i nokon grad skal nyttast PC i krinsen.

Godtgjersle for røystestyra vert vedteke i valstyret.

Dei som vert valt til røystestyre vil bli kalla inn til eigen opplæring i veke 37. Det er obligatorisk å delta på opplæringa.

Dersom du kan tenke deg å sitte i røystestyret i ein av krinsane i samband med kommune- og fylkestingvalet til hausten, ber me om at du gir tilbakemelding om fylgjande innan 20. mai; Namn, adresse, mobil, epost, kva røystekrins du ynskjer å vere og kva kjennskap du har til data.

Du kan sende epost til val@ardal.kommune.no eller send pr post til Årdal kommune, valansvarleg, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen.

Har du spørsmål om det å vere med i røystestyret så ta kontakt med Laila Røneid på mobil 952 77 145 eller send ein epost til val@ardal.kommune.no.

Tips ein ven Skriv ut