A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Vil du bli verje?

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane søker etter verjer i Årdal kommune. Vi treng verjer med ulik erfaring og bakgrunn, og dei aller fleste kan bli ei god verje.

Mange menneske er av ulike årsaker ute av stand til å ivareta dei økonomiske og personlege interessene sine. Dette gjeld til dømes born, personar med psykisk utviklingshemming, demens, rusproblem og speleavhengige. Dei kan trenge hjelp frå ei verje, og verjemålslova skal sikre at dei får slik hjelp på ein trygg og god måte.

Det å vere verje, er ei viktig samfunnsoppgåve. Som verje kan du hjelpe andre med å sjå til at dei får dei tenestene dei har krav på for å kunne ha eit godt liv, og du kan ta hand om deira rettigheiter dersom dei ikkje er i stand til det sjølve. Den grunnleggjande motivasjonen for å ta på seg oppdrag som verje, er ofte engasjement, overskot og eit ønskje om å hjelpe andre.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane søkjer no etter verjer for personar busette i Årdal kommune og/eller i nabokommunane.
Som verje må du vere kvalifisert og skikka for det aktuelle verjeoppdraget. Du må i tillegg vere over 18 år, ha ordna økonomi og du må ikkje ha interesser som er i strid med interessene til den du skal vere verje for. Du bør også vere interessert i å ha kontakt med menneske som har ulike utfordringar, og det er ein fordel at du har livserfaring, kjennskap til offentlege instansar og god formuleringsevne.

Du kan bli oppnemnt som verje for å ivareta interesser både på det økonomiske og personlege området. Det vil kunne handle om at du ser til at den du er verje for får dei tenestene han/ho har krav på for å kunne ha eit godt liv, ta hand om rettigheitene til den du er verje for, til dømes at du klagar på vedtak frå det offentlege, og/eller utfører daglege økonomiske gjeremål på vegner av den du er verje for.

Ei verje skal ikkje utføre reine omsorgsoppgåver som å handle mat, kjøpe kle, måke snø eller klippe gras. Dette skal i utgangspunktet andre instansar ta seg av, eventuelt at du som verje sørgjer for at slike tenester blir tekne hand om på vegner av den du er verje for.

Som verje kan du få godtgjering og dekt utgifter. Som verje får du godtgjering etter faste satsar. Ei alminneleg verje kan få ei skattefri godtgjering på inntil 4000 kroner per år. Utgifter blir dekt med inntil 1000 kroner. Faste verjer og verjer med meir krevjande oppdrag, kan få ei høgare godtgjering.

Fylkesmannen vil syte for nødvendig rettleiing og opplæring og sjå til at verjene utfører oppdraget som verje på ein forsvarleg måte.
Interessert?

Send ein søknad per e-post til fylkesmannen, eller per post til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Fortel kven du er og kvifor du kan tenkje deg å bli verje. Du finn også søknadsskjema her: Vergemal - Nyttige-skjema
Du finn også meir informasjon på fylkesmannen si heimeside og på vergemål.

Tips ein ven Skriv ut