A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Vikariat som lærar på Farnes skule

Ledig stilling

På Farnes skule er det ledig eitt vikariat som lærar i 100% stilling i perioden  27.02.17 - 31.07.17, med mogelegheit til
forlenging. Me oppfordrar menn om å søkje denne stillinga.

Og ein 50% stilling som teiknspråklærar for skuleåret 2017/18.

Søknadsfrist er 6. februar 2017.

Arbeidsoppgåver
Stillingen som lærar har undervisning på barnesteget, med kontaktlæraransvar.
I stillingen som teiknspråklærar er det undervisning på ungdomssteget.

Kvalifikasjonskrav
Farnes skule treng søkjarar med allmenne fag frå lærarskulen, og for stillingen som teiknspråklærar må ein i tillegg ha
utdanning innan teiksnpråk.

Må kunne legga fram godkjent politiattest.

Personlege eigenskapar
som gode samarbeidsevner og evne til å skape gode relasjonar vil verte vektlagte.

Løn og tilsettingsvilkår
Løn etter avtaleverket.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr
eitt  spennande arbeid  på skulen i eit godt arbeidsmiljø.

Andre opplysningar
Søkjarane kan bli kalla inn til intervju.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Utlyst dato        20.01.2017                      

Kontaktperson
Per Kristian Pedersen, Rektor, tlf: 57665310, mobil: 90701139, Per.Kristian.Pedersen@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut