A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Vikariat i 45% stilling i musikk- og kulturskulen

Ledig stilling

Ledig eitt vikariat i 45% stilling som kunstlærar i perioden 01.01.-31.12.2017.
Søknadsfrist 24.10.2016.

Stillinga si hovudoppgåve er å undervise elevar i visuelle kunstfag.

Kvalifikasjonskrav
Søkjarane bør ha utdanning innan kunstfag og/eller pedagogisk utdanning og kompetanse, men andre  med realkompetanse innafor kunst- og handverk kan og søkje.
Må disponere eigen bil då det kan vere fleire frammøteplassar på same dag.

Personlege eigenskapar
Me søkjer ein kunstlærar som:
Har gode pedagogiske evner i arbeid med barn og unge.
Er idèrik, allsidig og kreativ.
Er strukturert, sjølvstendig, positiv, initiativrik og løysingsorientert.
Vil vere med og utvikle ein god kulturskule.
Er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetsssikring og har evne til å nå dei måla du set deg.
Har arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner.
Er med og bidreg til eit godt lærings- og arbeidsmiljø.
Har gode kommunikative evner.

Løn og tilsettingsvilkår
Løn etter HTA vurdert utifrå utdanning og praksis.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr
Eit spennande, variert og utfordrande  arbeid.

Eit godt kollegium i personalet ved Musikk- og Kulturskule og deltaking i tverrfaglege prosjekt.
Stillinga omfattar arbeid på ettermiddag/kveld.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar på menyen www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Søknadsfrist: 24.10.2016

Kontaktperson
Sigyn Øren, Rektor i musikk- og kulturskulen, mobil: 90251937, sigyn.oren@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut