A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Vegarbeid på Fv. 53 i Eldegardsberget

Arbeid mellom Steggjetunnelen og Midnestunnelen.
Norsk Bergsikring AS har fått kontrakta med å sikre Eldegardsberget, og dei har lagt opp til halvtimesstengingar frå onsdag 2. august i veke 31.

Vegen blir opna kvar heile og halvtime inntil noko anna eventuelt blir bestemt. Dersom dette skulle visa seg å by på problem med tanke på framdrift og dei treng lengre stengingar, vil dei komma med informasjon om dette, slik at det blir tilpassa etter behov som måtte vera.
Alle rutegåande bussar skal få passere.

Ifylgje entreprenøren sin framdriftsplan vil arbeidet halde fram til og med veke 37. Det kan bli endringar på i begge retningar, avhengig av trafikk, fjellkvalitet og uføresette problem.

Entreprenøren kjem til å melde inn stengingar til Vegtrafikksentralen, slik at tider på https://www.vegvesen.no/trafikkbeta skal stemme med det som blir på anlegget.

Tips ein ven Skriv ut