A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Vatn og avløp

drikkevatn
Årdalstangen vassverk vart i 2003 kåra til Norges beste drikkevatn. Øvre Årdal vassverk fekk denne utmerkinga i 2008

Årdal kommune si driftsavdeling utfører alle tenester knytt til forvaltning, drift og vedlikehald av det kommunale vatn og avlaupsnettet.  

Forsyning av drikkevatn er underlagt Drikkevannsforskriften som stiller krav til vassforsyning og vasskvalitet.

Avlaupstransport og avlaupsreinsing er underlagt Forurensingsforskriften som stiller krav til handtering og reinsing av avløpsvatn.

Årdal kommune har utarbeida hovudplanar for vatn og avløp for perioden 2015-2022.
Hovudplan for vassforsyning
Hovudplan for avløp

Vasskvalitet:
Vatnet både frå vassverket i
Øvre Årdal og på Årdalstangen kjem frå grunnvassbrønnar.
Kvaliteten er svært god.

Kalsiuminnhaldet i vatnet ligg på mellom 5 og 7 mg/l. Vatnet er difor ikkje hardt så ein ikkje treng ekstra tilsetjing av salt i til dømes oppvaskmaskiner.
Det vert teke prøvar av vatnet kvar 14 dag og sendt til SognLab i Sogndal for analyse.


Handlingsplan vatn

Kontakt person:

Mobilnr.: E-postadresse
Arne Kjos
950 74 351
arne.kjos@ardal.kommune.no
Kontakt adresse: Postnr.: Poststad:
Statsråd Evensensveg 4 6885 Årdalstangen

Utslepp
Før det blir lagt inn vatn skal det vere gitt utsleppsløyve der det ikkje er offentleg vatn og avlaupsnett.
Handlingsplan avløp

VA-norm
Årdal kommune har vedteke eigen VA-norm som gjeld alle kommnale vass- og avløpsanlegg.

For private VA-anlegg gjeld standard abonnementsvilkår for vatn og avløp.

  • Administrative bestemmelsar
  • Tekniske bestemmelsar