A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Vassbrot på Årdalstangen

Det er 2 vassbrot på Hæreidsida.

17. november er statusen slik: Vassbotet i Kringlevegen i orden og vegen opna oppatt.
18. november er statusen slik: Vassbråtet ved Høreidsvegen/Seimsdalsvegen er no i orden.

I helga fekk vi 2 store vassbrot på Årdalstangen (Hæreidsida).
Dette førte til at fleire på Hæreid og i Seimsdalen vart utan vatn i ein kortare periode. Alle abonnentane har no fått vatnet tilbake, nokre med ein mellombels forsyning.
Kringlevegen er stengd for gjennomkøyring og det er innsnevra vegbane i Hæreidsvegen og i Seimsdalsvegen.

I samband med vassbrota opplever fleire at vatnet er misfarga. For å få vekk misfarginga er det viktig å tappe ut rikelige mengder vatn i kaldtvasskrana.
Ein bør bruke minst mogleg varmtvatn for å unngå å fa ureinheitar i varmtvasstanken.

Reparasjon av vassbrota startar opp måndag ettermiddag og vil pågå i fleire dagar.
Abonnentane kan oppleve at vatnet kan bli borte i kortare periodar i samband med gravearbeida. Berørte abonnentar vil bli varsla på førehand.

Spørsmål kan rettast til Arne Kjos, 950 74 351 eller til Teknisk vakt, 918 57 966


Årdal kommune
Tekniske tenester