A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Politikk/Kommunale planar

Varsel om oppstart av planarbeid - Kulturminneplan

I medhald av § 11-12 i plan- og bygningslova har Årdal kommune vedteke oppstart av arbeid med kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø (Kulturminneplan) 2015-2025 og legg med dette planprogrammet ut til offentleg ettersyn.


Kulturminneplanen er ein tematisk plan som skal ivareta grendenes og kommunens interesser, så vel som regionale og nasjonale interesser og mål knyttet til forvaltning av kulturminne og kulturmiljø.

Planprogrammet for kulturminneplanen finn de på kommunen si heimeside. I planprogrammet står det meir om formålet med planarbeidet, planlagd innhald og korleis prosessen blir gjennomført. I samband med dette planarbeidet ønskjer kommunen forslag og innspel om viktige tema, kulturminne og kulturmiljø som bør inngå i planen.

For spørsmål, innspel og merknader, send dei til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6685 Årdalstangen eller postmottak@ardal.kommune.no innan 17.08.15.