A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Valkort

valglogorådhuset_512x342

I desse dagar får alle røysteføre tilsendt valkortet sitt. Det kan variere litt kva tid du får det, men alle veljarar skal ha motteke valkortet innan 12. august.

Har du ikkje fått valkortet innan 12.august kan det vere fordi du ikkje lenger bur på din folkeregistrerte bustadsadresse pr. 30.juni 2019, eller at du ikkje har spesifikk bustadsadresse. Du kan i så fall ta kontakt med tenestetorget på telefon 57 66 50 00 for å sjekke om valstyret har fått valkortet i retur. Du kan då samstundes få sjekka om du står i manntalet.

Du kan røyste utan valkort, både i førehandsrøysteperioden og på sjølve valdagen, men røystegjevinga er enklare når du har med valkortet ditt. På valkortet finn du informasjon om kvar og når du kan røyste på valdagen. Hugs å ta med legitimasjon når du skal røyste.

Meir informasjon om valkortet finn du på Valdirektoratet sin portal.

Tips ein ven Skriv ut