Utlysing av midlar til Turskiltprosjekt 2017

Miljødirektoratet-logo-740x445

Gjensidigestiftelsen har vedteke å forlenge Turskiltprosjektet til ut 2018. Fylkeskommunen og Gjensidigestiftelsen har i 2017 sett av kr. 900.000,- til turskiltprosjekt i Sogn og Fjordane.
Søknadsfrist 15. februar.
I år skal det søkjast via Miljødirektoratet sine nettsider: Turskiltprosjektet 2017.

Kven kan søkje?

  • Frivijuge organisasjonar og foreiningar (idrettslag, speidarforeiningar, grendelag, velforeiningar, turlag osv) registrert med organisasjonsnummer i det offentlige friviljugheitsregisteret.
  • Interkommunale friluftsråd.
  • Kommunar, reiselivsorganisasjonar, hytteforeiningar og andre interessentar kan søkje saman med ein frivijuge organisasjon(kategori1) el. eit interkommunalt friluftsråd(kategori2).

Kva vert støtta?

Prosjektmidlane skal gå til merking og skilting av turruter i tråd med:

  • Merkehåndboka 2013– utg.: Den Norske Turistforening, Friluftsrådenes Landsforbund og Innovasjon Norge, 2013 - www.merkehandboka.no 
  • «Manual – Turskiltprosjektet», Turskiltprosjektet 2015 - www.turskiltprosjektet.no

Merkestandarden og manualen byggjer på Merkehåndbokas retningsliner og råd for skilting og merking, samt eit verkty for gradering som tar omsyn til vanskegrad.

Støtta går berre til innkjøp og produksjon av skilt, merking og infotavler (inkludert innfestingsmateriell/anna festemateriell) samt til informasjon knytt til tavlene og til turkort, sjå Manual – Turskiltprosjektet. Det vert ikkje gjeve støtte til anna infomateriell, utbetring av sjølve turruta, marknadsføring eller til planlegging.

Alle typar turruter som er omtalt i Merkehåndboka kan få støtte.

Kva turruter vert prioritert?

  • Turruter nær der folk bur og oppheld seg
  • Turruter i tilknytning til fyrtårn i reiselivet
  • Turruter som er ferdig prosjektert (planlagt) 
  • Turruter med potensial for stor bruk
  • Turruter knytt til haldeplass/knutepunkt for kollektiv transport
  • Samarbeidsprosjekt der fleire partar deltar
  • Prosjekt som legg opp til dokumentasjon av bruken (elektronisk, turpostkasser eller liknande)
Tips ein ven Skriv ut