Utlegging på høyring - rammeplan for kulturskulen

Kommunestyret vedtok i Ksak 032/16 at "Rammeplan for kulturskulen - Mangfald og Fordjupning" skal leggast ut på høyring med 2 vekers høyringsfrist.
Høyringsfrist 8. august 2016.

Ved Årdal Kulturskule har planen vore drøfta og ein einige om at rammeplanen vil bli eit godt grunnlag for utviklinga av kulturskulen. Den vil streke under den seriøsiteten og kompetansen som skuleslaget og lærarkreftene der representerer. Rammeplanen gir ingen økonomiske føringar for drifta av kulturskulen. Det er difor naturleg at Rammeplan for kulturskulen – Mangfold og Fordjupning - blir lagt til grunn for drifta av Årdal Kulturskule, og utviklinga av skulen i åra framover.

Høyringsuttale kan sendast innan 8. august til;
Årdal kommune
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen

eller på epost til postmottak@ardal.kommune.no

Meir informasjon på Kulturskulerådet si heimeside.

Planen vert òg lagt ut på tenestetorget, rådhuset og Årdal bibliotek. 

Tips ein ven Skriv ut