A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Om Årdal/Utladalen

Utladalen

"Den største av dalane som skjer seg ut frå øvre enden av Årdalsvatnet er Utladalen. Han går frå Farnes (delen av Øvre Årdal nord for elva Utla) stort sett i same lei som fjorden og vatnet, og lagar frå ein topografisk synstad saman med dei, hovudaksen i bygdi. Men øvste enden av han (frå fjellet Friken) høyrer som alt nemnt, til Luster. Heimste enden av Utladalen, 8 km. på lag, er U-forma med flat botn og hoggbratte fjellsider Her ligg garden Volldal på nordsida ikr. tre km. frå Farnes, og Svalheim (tre bruk) og Hjelle (to bruk) framfor Volldal på sørsida. Straks framanfor Hjelle stryper dalføret seg saman, so det vert berre som ei djup, trong klove i fjelli ( kalla Vettisgjeli), der elvi skummar i botnen i ei smal renne. Men omlag ei halv mil framanfor Hjelle er det ei mindre utviding som har gjeve rom for ein gard, Vetti. Utladalen har mange sidedalføre både frå sør og nord, men alle er sokalla hengjedalar, som mynner brått ut høgt over dalbotnen. Ved mynnet åt den heimste på nordsida, Gravdalen, ligg fjellgarden Avdalen; elles finst det berre stølar i dei."

Denne utgreiinga er teke frå: Sigurd Dahl Midtun: Stadnamn i Årdal. Årbok nr. 4 frå Årdal Sogelag. Bergen 1958.

Dei fleste vil vel seia at dette er ei heller turr, kort og udramatisk skildring av Utladalen. Har du først gått gjennom Utladalen, same kva årstid, sit du att med ei kjensle av rik naturoppleving som du ikkje vil gløyma.

Vil du førebu deg til ein slik tur, er desse bøkene dei rette å lesa:
William Cecil Slingsby: Norge, den nordlige arena
Jon Schwartzott: Under Storen. Portrett av Utladalen og Vettisfossen
Rolf Kjødnes: Jotunheimen, høgt over Årdal

Utladalen naturhus vert kalla ein døropnar til natur- og kulturhistoria i Vest-Jotunheimen. Naturhuset har opningstid frå ca.20.juni til ca 20. august.
Avdalen gard var sterkt til nedfalls då bygdefolk tok til med restaurering. I dag får du overnatta (nokre få senger og sovepose/madrass ), og Avdalen gard har tilbod på alle måltid. Vetti gard og Naturhuset har kafedrift. 

Du finn mykje informasjon om Utladalen m.m. på heimesida til Vettisriket.

Ved å lesa tilvist litteratur og vitja naturhuset, skulle det gje deg rikeleg informasjon om ein av dei mest kjente dalane i Noreg. Mest utbyte har du av å oppleva dalen sjølv. Frå Rallarmonumentet og fram til Vetti gard er det fin gangveg, frå Naturhuset og fram til Vetti jamvel brukbar grusveg (fysisk handikappa kan få løyve til å bruka bil ved førespurnad på Rådhuset tlf. 57 66 50 00).

Denne vegen har si eiga historie. Han blir kalla ”Folkevegen til Vetti”. Det er ein veg skapt gjennom dugnadarbeid av folk i alle aldersklassar i Årdal og med god medverknad av Årdal og Sunndal Verk (sjå oppslagstavle ved starten av vegen på Hjelle).

Tips ein ven Skriv ut