A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ungdommens kulturmønstring 2016

Årets UKM gjekk av stabelen i helga, laurdag i Årdal kulturhus.

UKM-Årdal vart arrangert i helga, med ein del færre sceneinnslag enn tidlegare. Men juryen fekk inga lett oppgåve likevel!
Sjøllv om det var færre som meldte seg på med sceneinnslag, hadde dei til gjengjeld høgt nivå!   
I år hadde vi og diktopplesing ved Liv Otonie Barlyng Rinde, ho hadde skreve og las sitt eige dikt «Vann»! Veldig kjekt!

Men ikkje alle får vidare til fylkesfestivalen, slik er det berre.

Desse vart vidaresendte til UKM-festivalen Sogn og Fjordane, 2.-3.april i Førdehuset:

Scene:
Tea Berg, med sin eigenproduserte «Goodbye»
Bandet, Beatrice Juscaite og Selina Gram, med «
B&A, Beatrice Juscaite og Anna Jevnaker Asperheim, med
Frida Hjelle Lidal, med Fridas dans til musikken «Fields og gold»
Ronja Hovland, med songen «Aiaiai»

Kunst:
Maia Grøndal med sin biletserie «Adele»
Silje Larsen med sitt fotografi «Unmasked»
Mari Beate Yndestad med sitt måleri «solnedgang»
Frida Hjelle Lidal med sitt verk «Votten»

UKM 2016 (1).JPG UKM 2016 (6).JPG UKM 2016 (2).JPG    
Vi gratulerer alle som gjekk vidare og takker juryen, Frida Tryti Hunshamar, Morten Hestetun Flugheim, Mathias Hansen, Kristine Natvik Jevnaker og Berit Hagen (alias The Commander in Chief). Ho var m.a. dommar/veiledar i Stjernekamp i heavy metal! Vi er sers takksame for at ho stilte på kort varsel, då eine dommaren vart sjuk.
Vi vil og takke alle deltakarane som var med og gjorde førestillinga og kunstutstillinga så vellykka! Lykke til vidare til alle.

Takk og til Årdal ungdomsråd, Farnes ungdomsskule v/innsats for andre og kulturskulen, som var med som arrangørar!

UKM 2016 (3).JPG   UKM 2016 (4).JPG   UKM 2016 (5).JPG   UKM 2016 (7).JPG

Publikumsprisen ein på scene og en på kunst.
Scene. Tea berg, med sin sjølvlaga låt «Goodbye»
Kunst: Elisa Nesse med sitt bilde «Undring».

Dei vant kvar sine gåvekort frå Indre Sogn Sparebank og Årdal kino.

Tips ein ven Skriv ut