A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

TV- aksjonen 2016 - Bøssebærar og givarstafett

TV-aksjonen 2016 går til Røde Kors. Saman skal me gje livsviktig hjelp til offer for krig og konflikt. Meir enn to millionar menneske skal få hjelp, og dei innsamla midlane går til Røde Kors sitt arbeid i ni land: Syria, Libanon, Sør Sudan, Afghanistan, Myanmar, Somalia, El Salvador, Guatemala og Honduras. Pengane går også til å hjelpe flyktningar som er kome til Noreg.

På vegne av kommunestyret og komiteen til TV-aksjonen i Årdal, vil eg med dette invitere dykk til å støtte TV-aksjonen med eit økonomisk tilskot, samt vere med på dugnad som bøsseberarar for TV-aksjonen i Årdal søndag 23. oktober kl 16.00.

TV-aksjonen 2016 går til Røde Kors. Saman skal me gje livsviktig hjelp til offer for krig og konflikt. Meir enn to millionar menneske skal få hjelp, og dei innsamla midlane går til Røde Kors sitt arbeid i ni land: Syria, Libanon, Sør Sudan, Afghanistan, Myanmar, Somalia, El Salvador, Guatemala og Honduras. Pengane går også til å hjelpe flyktningar som er kome til Noreg.

Ved å registere dykk på http://giverstafett.no/gi-gave kan de støtte TV-aksjonen med eit økonomisk tilskot. Dykkar bedrift vert publisert på nettsida og de kan også utfordre andre bedrifter på denne nettsida. Pengane skal hjelpe menneske som er ramma av nokre av vår tids største humanitære kriser.

TV-aksjonen er verdas største dugnad og i Årdal treng me 35 bøsseberarar på Årdalstangen og 55 i Øvre Årdal. Bøsseberarane får kvar si rode og born kan gå saman med ein vaksen. Dersom de har høve til å vere bøsseberar, kan de melde dykk her: http://www.blimed.no/frivillige/bli-boessebaerer/. De kan og kontakte underteikna på e-post sandra.opheim@hisf.no, eller Aud Andersen, Årdal kommune på tlf. 57 66 52 20. Det er og mogleg å kome innom servicetorget på rådhuset for å melde seg som bøsseberar. Alle som melder seg vert kontakta for vidare informasjon.

De kan lese meir om årets TV-aksjonen her: http://www.blimed.no/tv-aksjonen-2016/tv-aksjonen-2016/. TV-aksjonen Årdal har også oppretta eiga side på facebook – lik oss gjerne!

Tusen takk og vel møtt til dugnad, bli med!

 

Venleg helsing
Sandra Opheim s.s
Leiar for TV-aksjonen i Årdal

 

Tips ein ven Skriv ut