A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Tryggleiksalarm

Føremålet med tenesta
Tryggleiksalarm er eit servicetilbod til eldre og/eller funksjonshemma som ynskjer å bu heime, men som av ulike årsaker føler seg utrygg, og vil sikre at ein raskt kan få hjelp ved behov.

Kva omfattar tenesta
Årdal kommune har avtale Alarmsentralen i Sogn og Fjordane om leige av alarmtelefonar. Desse vert installert av personell ved heimesjukepleia i Årdal Kommune. Tryggleiksalarm er ei serviceteneste til eldre og/eller funksjonshemma som vil bu heime, men som ynskjer raskt og kunne tilkalle hjelp dersom noko uventa skulle oppstå.

Korleis få tenesta
Tenestetorget/kommunehjørna har søknadsskjema. Ein kan også få søknadsskjema ved Årdal sjukeheim og Årdal bu – og omsorgssenter. Søknadsskjema er lagt ut på Internett. Søknad skal sendast på eige skjema. Alle søknader vert vurdert med eit heimebesøk.

Kva kan eg forvente av dei tilsette:

  • At eg blir møtt på ein respektfull og høfleg måte
  • At dei held teieplikta si
  • At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast

Pris/kostnad/tilskotsordningar Sjå prislista

Heimelsgrunnlag for tenesta Forvaltningslova § 2

Når ting ikkje fungerer
Dersom du ikkje får den tenesta du har krav på i følgje vedtaket, kan du ta kontakt med leiar for heimesjukepleia, tlf. 907 57 692 .

Klage
Finn du grunn til å klage på vedtaket, ta kontakt med leiar for heimesjukepleia tlf. 907 57 692. Her får du råd og rettleiing.

Praktiske opplysningar:

  • Einingsleiar Heimesjukepleia: tlf. 907 57 692
  • Avdelingssjukepleiar, Sone 1 (ÅBO): tlf. 474 69 479
  • Avdelingssjukepleiar, Sone 2 (Øvre Årdal): tlf. 458 79 344
  • Avdelingssjukepleiar, Sone 3 (Årdalstangen): tlf. 970 92 155
  • E-post: postmottak@ardal.kommune.no