A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Administrasjon/Samfunnstryggleik/Trygge lokalsamfunn

Trygge lokalsamfunn

Årdal vart godkjent som Trygt Lokalsamfunn i år 2000 og regodkjent i juni 2010

Det har vore god aktivitet i det førebyggande arbeidet både innan ulukker og kriminalitet, heilt sidan arbeidet starta opp med prosjektet Årdal Tenk Tryggleik i 1988. Politiet har heile vegen vore ein svært viktig samarbeidspartnar.
 
Mange årlege faste postar innan oppvekstområda, frå barnehagane til vidaregåande skule, er med på å bygge gode haldningar hjå born og unge.
Kriminalitetsstatistikken for kommunen vitnar om at arbeidet har effekt.
 
Styrande komite/Politiråd/Folkehelseråd
  • Ordførar
  • Rådmann
  • Fabrikksjef Hydro Årdal
  • Leiar Norsk Folkehjelp Årdal
  • Leiar Årdal LO
  • Lensmann
  • Folkehelsekoordinator
Årdal Tenk Tryggleik (ÅTT) er ein viktig del av folkehelsearbeidet i Årdal og skal:
  • Setja tryggleiksarbeidet på dagsorden for innbyggjarane i kommune
  • Vere "adressa" for innmelding av situasjonar, hendingar og forslag til endringar
  • Førebygge og redusere ulykker i arbeid, skule, heim og fritid
  • Samordna kompetansen til deltakarane i ÅTT for å nå felles mål
  • Arbeide for trivnad og større miljøforståing i kommune
  • Satse på kriminalitetsførebyggjande arbeid
Tips ein ven Skriv ut