A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Tenesteskildring

Trygdebustad

Føremål med tenesta

Trygdebustad i Flotavegen vert tildelt personar som på grunn av sjukdom, funksjonshemming og/ eller alder treng tilrettelagt bustad. Søkjarar med eit primært bustadbehov vert prioritert til trygdebustadane, i sær gjeld dette Tangevegen 14. Tildeling av omsorgsbustadar vert gjort etter Lov om sosiale tjenester §3-4. Boliger til vanskeligstilte. Sosialtjenesten skal medvirke til å skaffe boliger til personer som ikke selv kan ivareta sine interesser på boligmarkedet, herunder boliger med særlig tilpassing og med hjelpe- og vernetiltak for dem som trenger det på grunn av alder, funksjonshemming eller av andre årsaker. Sakshandsaming skjer etter forvaltningslova § 2b. Enkeltvedtak, et vedtak som gjelder rettigheter eller plikter til en eller flere bestemte personer. Utval for helse, sosial og omsorg har i sak 09/627 bestemt at føljande vurdering skal ligge til grunn for tildeling: a) Det skal vera vurdert om søkjar framleis kan bu i eigen heim med bistand frå kommunen sine tenester. b) Ein bør vurdera om ein kan skaffa seg ein betre eigna bustad privat. c) Personar som er svært pleietrengande eller har ein kjend demensdiagnose kan ikkje nyttiggjera seg tilbodet.

Kven får tenesta

Ledig trygdebustad vert lyst ledig i lokalavisa ”Sogn Avis”. Søknad om trygdebustad vert innvilga etter Lov om sosiale tenester § 3-4 og Forvaltningslova §2b, og er eit kommunalt vedtak. Det er Samarbeidsgruppe (TSG) som har mynde til å vurdere og tildele trygdebustad i Flotavegen og Tangevegen. Dette vert gjort etter funksjonskartlegging - og vurderingsbesøk gjennomført av leiar for heimetenestene. Ev. heimebaserte tenester som heimesjukepleieteneste og heimehjelpsteneste vert gjeve etter individuell vurdering av den enkelte sine behov. Ein tek med seg heimebaserte tenester ein tidlegare er tildelt, som heimehjelp, heimesjukepleie og matombringing. Dette gjeld også tenester som transportkort og tryggleiksalarm. Tilleggsinformasjon: - Trygdebustadane i Flotavegen nr 7 og nr 9 er på ca 67 m2 og har eitt soverom. - Trygdebustadane i Tangenvegen 14 inneheld: 2 stk bustadar på ca 69 m2 og har to soverom. 2 stk bustadar på ca 38 m2 og har eitt soverom. 2 stk bustadar på ca 28 m2 og har sovealkove.

Korleis få tenesta

Tenestetorget har søknadsskjema. Ein kan også få søknadsskjema ved Årdal sjukeheim og Årdal bu – og omsorgssenter. Søknadsskjema er lagt ut på Internett. Søknad skal sendast på eige skjema. Alle søknader vert vurdert med eit heimebesøk.

Heimelsgrunnlag

Lov om sosiale tjenester §3-4. Forvaltningslova § 2b

Klage

Finn du grunn til å klage på vedtaket, ta kontakt med leiar for heimetenestene. Her får du råd og rettleiing.

Kontaktinformasjon

Leiar Heimestenestene: tlf. 907 57 692
Avdelingssjukepleiar, Sone 1 (ÅBO): tlf. 474 69 479
Avdelingssjukepleiar, Sone 2 (Øvre Årdal): tlf.  458 79 344
Avdelingssjukepleiar, Sone 3 (Årdalstangen): tlf. 970 92 155
E-post: postmottak@ardal.kommune.no
Brosjyrar, anna/meir informasjon. Du kan finna informasjon på Årdal kommune si heimeside