A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Trekkfuglene kjem – Mattilsynet trenger hjelp av deg for å ta fugleinfluensaprøver

Fugler

I desse dagar kjem trekkfuglane frå Sentral-Europa til Norge. Eit stort utbrot av fugleinfluensa i Sentral-Europa gjer at det er høg risiko for at desse fuglane kan bære med seg smitte til Norge. Mattilsynet vil derfor intensivere overvakinga av villfugl for tidleg å kunna oppdaga når fugleinfluensa kjem til Norge.
Mattilsynet oppfordrar folk som ferdes langs sjø og vatn og våtmarksområder om å informera Mattilsynet ved funn av sjuke eller døde fuglar.

Slik melder du frå:
Fuglar som er døde av ytre skader, er avmagra eller rotne er i utgangspunktet ikkje aktuelle å undersøkje for fugleinfluensa. Men finner du dette bør du kontakte Mattilsynet:

•    Fleire (4-5) sjuke/døde ”andefuglar” i et bygrensa område i nærleiken av vatn/sjø eller våtmark
•    Mange andre døde fugler i eit og samme område
•    Død rovfugl på typiske oppholdssteder for andefugler
•    I Rogaland vil me at folk skal melda frå om alle døde fuglar (trenger ikkje vera 4-5) utan synlige ytre skader av artane andefuglar (ender, gjæs og svaner), vader, åtselfuglar (kråker og ravn) og rovfuglar.
Nord-Trøndelag, Rogaland, Østlandet og Oslofjord-området er mest sannsynlig landingsplass for desse trekkfuglane. 
Andefuglar (ender, gjæs og svaner), måkefuglar, vader, rovfuglar og åtselfuglar (f.eks. kråker) er mest utsatt for smitte. 
Melding skal gis til Mattilsynets distriktskontor på tlf. 22 40 00 00, som i hvert enkelt tilfelle vil vurdere behovet for å sende inn fuglen(e) til nærmere undersøkelse. Av hensyn til generell smittefare skal alle unngå å koma i fysisk kontakt med sjuke og/eller døde fugler.

Store konsekvenser for tamme fugler:
Typen av fugleinfluensa som herjar i Sentral-Europa er ikkje farleg for mennesket. Fugleinfluensaen er dødeleg for både ville og tamme fuglar. Det er derfor viktig å sikra at ville fuglane ikkje kjem i kontakt med tamme fuglar i Norge. 
I tillegg til overvakinga har Mattilsynet satt i gang ei rekke tiltak for å hindra at fugleinfluensaen smitter tamme fuglar i Norge. Blant anna er det fastsatt ein «Portforbudforskrift» som seier at tamme fuglar skal holdas innandørs eller ute under tett tak. Dette kravet gjelder for tamme fuglar som be finner seg i følgjande områder: Oslo, Akershus, Hedmark, Oppland, Vestfold, Østfold, Buskerud, Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag
Dersom du har fjørfe og/eller andre fugler i fangenskap (ikke burfugler innendørs) og bur i desse områda må du også huske på å registrer fjørfeholdet ditt hos Mattilsynet.

 

Tips ein ven Skriv ut