A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Transportkort

Tildeling av transportkort for funksjonshemma

Kontaktperson: Aud Andersen
Telefon: 57665220
E-post: aud.andersen@ardal.kommune.no

Kontoradresse:
Rådhuset
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen

Føremål med tenesta
Transporttenesta skal dekke fritidsreiser, og ordninga er etablert for å gje funksjonshemma menneske same høve som funksjonsfriske til å delta i sosiale samanhengar. Ordninga kan ikkje nyttast til reiser som vert dekka av Folketrygda. Dette gjeld reiser til lege, tannlege, sjukehus, dagopphald på institusjon, fysikalsk handsaming, til/frå skule, arbeidsreiser m.m.

Kven får tenesta
Personar med varig eller mellombels funksjonshemming som er ute av stand til, eller har store vanskar med å nytte vanlege kollektive transportmiddel.

Korleis få tenesta
Ved å søke på eige søknadsskjema. Søknadsskjema får du på Tenestetorget på Rådhuset og biblioteket i Øvre Årdal. Det ligg også skjema på Årdal kommune si heimeside. Det må leggast ved legeerklæring med søknaden.

Kva omfattar tenesta
Transportkort for funksjonshemma er eit servicetilbod til personar som ikkje kan nytte kollektive transportmidlar.

Du kan få hjelp til
Sakshandsamarane på Tenestetorget kan hjelpe til med å fylle ut søknadsskjemaet. Dei gir melding til fylkeskommunen for at dei kan lage til magnetkort til bruk i drosjane.

Forpliktingar for brukar
Brukaren må sende inn korta ved årsskiftet.

Kva kan eg forvente av dei tilsette
Søknaden vert vurdert fortløpande og innan 3 veker etter at søknaden er datert. Ferdig utfylt, underskrive og laminert bevis vert sendt til brukar. Dei tilsette har teieplikt.

Pris/kostnad/tilskotsordningar
Brukaren betalar ein eigenandel på 20% eller maks. kr 30,- pr. tur.

Heimelsgrunnlag for tenesta
Ordninga er ikkje lovpålagt.

Når ting ikkje fungerer
Brukaren tek kontakt med Tenestetorget. Kan ikkje dei løyse problemet, vert saka sendt vidare til Sogn og Fjordane fylkeskommune v/hovudutval for regional utvikling.

Klage
Formannskapet.
Fylkeskommunen ved hovudutval for regional utvikling.


Praktiske opplysningar
Søknadsskjema skal sendast Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen.