A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Tenk tryggleik og klypp hekken før skulestart!

I samband med skulestarten er det mange nye trafikantar på skulevegane i fylket. For å få det tryggast muleg oppmodar Trygg Trafikk alle til å ta ein sjekk på hekker og busker så dei ikkje tek sikten i kryss og liknande. 

Trygg trafikk logo.gifSmå barn på skulevegen blir lett usynlege bak store hekkar og busker. Dette kan føre til farlege situasjonar i trafikken. Trygg Trafikk oppmodar folk om stusse hekkene i samband med skulestart.

Høge busker ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjere det svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er eit aukande problem i sommarmånadane.
Trafikantane mister ikkje berre sikt, men kan også gå glipp av viktig informasjon når skilt langs vegane vert skjulte av grøne buskvekstar.
Ein lovpålagt stuss
Folk som bor langs trafikkerte vegar må klippe hekkar og busker på eigendomane sine, av omsyn til eigen og andre sin tryggleik. 

Illustrasjonsbilde til klypp hekken.jpg

Tips ein ven Skriv ut