Trafikksikker kommune

Årdal kommune fekk statusen Trafikksikker kommune av Trygg Trafikk i 2016 og blei regodkjent i 2020. Årdal kommune jobbar med å bli regodkjent igjen no i 2023. 

Les meir om Trafikksikker kommune på Trygg Trafikk sine sider.

Trafikksikker kommune logo - Klikk for stort bilete

Trafikksikker kommune er ei godkjenningsordning hjå Trygg Trafikk. Å bli godkjent betyr ikkja at trafikkuhell ikkje skjer i kommunen, men godkjenninga er eit kvalitetsstempel for godt, målbevist og heilheitleg arbeid med trafikktryggleik i kommunen.

I rapporten frå Trygg Trafikk ved regodkjenninga i 2020 blei det nemt nokon utviklingsområder fram mot regodkjenninga i 2023:

  • Trygg Trafikk vil utfordre kommunen til å arbeide strukturert for å etablere ein tryggleikskultur blant tilsette i kommunen. Spørjeundersøkjinga frå Trygg Trafikk visar at litt over 50% av dei tilsette er kjent med kommunen sine retningslinjer for tilsettes ferdsel i trafikken. Trygg Trafikk utfordarar kommuen til å setje seg mål om at resultatet ved neste spørjeundersøkjing i 2023 skal forbedras.
  • Trafikktryggleik innarbeidas som årleg tema i AMU (Arbeidsmiljøutvalet)
  • Trygg Trafikk anbefalar at kommunen endrar namnet på trafikksikkerheitsplanen og at den harmonerar med beteikningen på kommunen si heimeside. Trygg Trafikk tillett seg å foreslå "Temaplan for veg og trafikktryggleik"
  • Trygg Trafikk oppfordrar kommune til å innarbeide forventningar til trafikksikker adferd i kommande anbudskontraktar (kjøp av transportenestar, drift og vedlikehald)

Les rapporten frå Trygg Trafikk ved regodkjenninga i 2020. (PDF, 167 kB)

HMS-kampanjar:

Bakovervend sikring er best - Klikk for stort bilete Trygg trafikk

Har du spørsmål?

Svein Ove Åmås
Branninspektør
E-post
Mobil 97 57 84 90