Vareavgift

Hamnelova § 23 d

  1. Vareavgifta vedkjem alle varer som blir frakta med skip til eller frå hamn, og som blir ført over kommunale kaiar. Alle takstar er oppgitt i kr. pr. tonn eller når det er oppgjeve anna einig:
    Vareavgift
    Varetype Eining Avgift
    Diverse varer, grunnsats vekst tonn 20,00
    Metallvarer tonn 16,00
    Bulkvarer (sand, sngel, kull, grus, sement og asfalt) tonn 8,00
    Bulkvarer direkte båt/bil tonn 6,00
    Traktorar, bilar, campingvogner stk. 100,00
    Lastebarar, containerar 10 ft stk. 100,00
    Lastebarar, conteinerar 20 ft stk. 200,00
    Lastebarar, conteinerar 40 ft stk. 400,00
    Båtar, inntil 20 ft stk. 80,00
    Båtar, over 20 ft stk. 160,00
    Arbeidsbrakker 400,00
    For gods som berre er oppgitt i kubikkmål blir det rekna:

    1 m3=, o,5 tonn
    sand, grus, singel, sement og asfalt 1 m3= 1,5 tonn.
     
  2. Varavgifta dekkar lagring av varer på kai, areal eller innretning som er disponert av kommunen inntil 48 timar etter utlossing av skip eller inntil 48 timar før lasting av skipet tek til.
     
  3. For varer som kjem til hamna i transitt og som skal vidaresendast med fartøy skal det svarast vareavgift berre for inngåande. For varer i transitt til utlandet skal svarast vareavgift for utgåande.
     
  4. For varer som blir overførte frå eit fartøy til eit anna utan å passera kaien, dersom eit av fartøy ligg ved kai, skal det oppkrevjast ein tredel av det som er bestemt for varer som blir ført over kaien.
     
  5. Friteken for avgifta er:
    - passasjerane sin bagasje
    - proviant, kol olje og naudsynt varer til skipet sitt eige behov
Til toppen