Driv du med heimekompostering kan du søka oss om reduksjon i renovasjonsavgifta.
- Alle kan kompostere matavfall heime
- Den som ønskjer å få reduksjon i renovasjonsavgifta må inngå ein avtale med oss som går ut på at det ikkje skal kastast matavfall i restavfallet og at restavfallsdunken vert tømt kvar 14 dag. Du får restavfallsdunken bytta ut med ein ny dunk med orange lokk, og denne tømmast kun i partals vekene, og gitt dag for ditt området.
Inngå komposteringsavtale med Årdal kommune - manuell utfylling (DOCX, 208 kB)
- Komposteringsbinge kan diverre ikkje kjøpast av kommunen. Det vil bli ny ordning på kjøp av kompostbinge frå 2024.
Forskjellige heimekomposteringsløysningar
Komposteringsbinge
Årdal Kommune tilbyr diverre ikkje salg av komposteringsbinge i 2022 og i 2023. Dette er på grunn av overgang til SIMAS. Me vil fortsatt oppfordre innbyggarane til å kjøpe seg kompostbinge, og sende dokumentasjon til kommunen. Da vil renovasjonsgebyert bli redusert i henhold til prisliste. Kjøp gjerne brukte binger
Bokashi
Bokashi-bøtta kan erstatte varmkompostdunken for å ta imot organisk hushaldsavfall, men føresetnaden er at ho seinare vert tømt i ein aktiv kompostranke eller i ein komposteringsbinge. Årdal kommune gir same reduksjon i avfallsgebyret for dei som vil satse på Bokashi.
Sist endra 09.03.2023 14:57