Rustenesta i Årdal er organisert under NAV Årdal. Rustenesta tilbyr hjelp til alle med behov for det, frå fylte 18 år. Me tilbyr i tillegg rettleiing til pårørande.
Kva kan tenesta hjelpe deg med?
Kva kan du forvente deg av tenesta?
Tenesta er gratis og vi tek raskt kontakt med deg dersom du har uttrykt at du ynskjer hjelp. Saman med deg kartlegg vi kva du ynskjer fokus på i oppfølginga og lagar ein plan for korleis nå måla dine.
Dette forventar tenesta av deg
Det er ditt behov og ynskje for hjelp som ligg til grunn for den tenesta du tek imot.
Plandokument
Korleis kome i kontakt med oss?
Du kan sjølv ta munnleg eller skriftleg kontakt med tenesta. Det er også vanleg at personar vert søkt inn til tenesta gjennom fastlege, spesialisthelsetenesta, andre kommunale tenester, NAV med fleire.
Kontaktinformasjon
Statsråd Evensensveg 4-6, 6885 Årdalstangen
Du når oss på telefon: 412 90 269 / 412 86 664 / 5555 3333
Nav.ardal@nav.no