Viktig informasjon om koronaviruset

Økonomisk sosialstønad

Økonomisk sosialhjelp skal bidra til å sikra deg og din familie økonomisk ved behov. Det inneber at du må gjera det du kan for å verta heilt eller delvis sjølvhjelpen med eigne midlar.

Krav til søkjar

  • Du må ha lovleg opphald i Noreg.
  • Du må opphalda deg i Årdal kommune. Dersom du oppheld deg i ein annan kommune er det denne kommunen du skal søkja i.

Slik søkjer du

Du må ta kontakt med Nav Årdal eller nytta søknadsskjema om økonomisk sosialstønad

Søknaden må vera tilstrekkeleg dokumentert. Du må i utgangspunktet levera skriftleg dokumentasjon på alle dine inntekter og utgifter.

Dersom du treng hjelp til utfylling, kan du få dette på NAV-kontoret.

Du finn meir informasjon om økonomisk sosialstønad

Kva skjer vidare?

Me registrerer søknaden din. Det vert vurdert om det må leverast meir dokumentasjon før søknaden kan behandlast.

For tilstrekkeleg dokumenterte søknader vil saksbehandlingstid vera 3-4 veker. Dersom søknaden ikkje kan behandlast innan denne tida, skal du få beskjed om dette.

Klage

Du kan klaga på vedtak knytt til økonomisk sosialstønad, klagefrist er 3 veker frå du mottok vedtaket.

I vedtaket får du informasjon om klagerett.

Det er viktig at du opplyser om kva vedtak du klagar på og kvifor du klagar. Dersom det er nye opplysningar i saka, er det viktig at desse vert lagde ved.

Dersom du treng hjelp til å fylla ut ein klage, kan du få dette ved NAV kontoret.

Lover og reglar

Til toppen