Viktig informasjon om koronaviruset

Økonomisk rådgjeving

Har du gjeld du ikkje klarer å betale? Har du problem med å disponera pengane slik at dei strekk til? Då er det viktig å søkja hjelp i tide. Målet med økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving er å hjelpa deg slik at du kan styra økonomien din sjølv.

Kven kan få tilbodet?

Du kan søkja om økonomisk rådgjeving dersom du:

  • Ikkje har midlar til å dekkja nødvendige behov
  • Har vanskar med å betala rekningane dine
  • Har problem med å betala tilbake gjelda di

Du kan og få økonomisk rådgjeving i samband med søknad om økonomisk sosialhjelp

søknadsskjema om økonomisk stønad

Økonomisk rådgjeving gjennom NAV er gratis. 

Du kan finna meir informasjon om økonomisk rettleiing på heimesida til NAV: Nav/økonomi og gjeld

Kva kan du få hjelp til?

NAV lokalt kan hjelpa deg med å setja opp eit budsjett for å finna ut om du har nok inntekter til å dekkja utgiftene dine. Dersom utgiftene er større enn inntektene, vil du få råd om kva du kan og bør gjera for å balansera dette. Du kan til dømes få hjelp til:

  • å laga ei oversikt over den økonomiske situasjon din
  • å setja opp eit hushaldsbudsjett
  • få opplysningar om rettar og plikter
  • å ta kontakt med aktuelle kreditorar og gjera avtalar med dei
  • å søkja gjeldsordning
  • kontakt med Namsmannen

Korleis kan du få hjelp?

Ta kontakt med ditt lokale NAV-kontor.
Du kan og kontakta NAV Gjeldsrådgivning på økonomirådstelefonen tlf. 55 55 33 39

Kva krev vi av deg?

Hjelpa som vert gjeve legg til grunn for samarbeid mellom deg og rådgjevar.

Du som søkjar må leggja fram dei opplysningane som er nødvendige for saka.

Det vil vera enklare å få oversikt over situasjonen din dersom du før møtet går gjennom lista nedanfor og finn relevant dokumentasjon. Dette er ikkje eit krav før første møte.

Slike opplysningar kan vera:

  • Skattemelding
  • Kopi av husleige/dokumentasjon på utgifter til bustad
  • Løn dei tre siste månadene
  • Oversikt over alle inntekter og utgifter
  • Opplysningar om lån, kredittgjeld osb.

Dersom du har fått tilsendt krav om utlegg, tek du med dette. Det same gjeld dersom du har fått innkalling til forliksrådet eller om det er krevd tvangssalg av bustad.

Dersom du ikkje har oversikt over kreditorane dine, kan du logga deg inn på heimesida til gjeldsregisteret  for å få oversikt over usikra gjeld.

Kva skjer vidare?

Følgande framgangsmåte er vanleg:

  • Kartlegging og vurdering av den økonomiske situasjonen din
  • Forslag til tiltak og løysingar på grunnlag av dei vurderingane som er gjort og etter avtale med deg
Til toppen