Kommunale bustader

Kommunale utleigebustader er eit verkemiddel for å hjelpa vanskelegstilte på bustadmarknaden, og er som hovudregel eit mellombels tiltak.

Du kan søkja om å leiga kommunal bustad om du ikkje klarer å skaffa eigna bustad sjølv eller med anna offentleg hjelp. Oppfyller du krava og vert prioritert, vil du få tilbod om leige av kommunal bustad. Kommunale bustader er av ulik storleik og standard.

Krav til søkjar

For å søkja om kommunal bustad, må du oppfylla desse grunnvilkåra:

  • Du må vera 18 år og må ha budd i Årdal kommune dei siste 2 åra  (unntak for flykningar.)
  • Du må vera utan eigna bustad
  • Du må ikkje ha uoppgjort gjeld til Årdal kommune knytt til tidlegare leigetilhøve
  • Du må vera i ein vanskeleg økonomisk situasjon.

Kommunale leigetakarar kan søkja om statleg bustønad på Husbanken sine sider: Søk bustøtte

Søk om, fornye, bytte eller seie opp kommunal bustad

Fyll ut søknadskjema

Har du spørsmål?

Cathrine Stedje Jørgensen
Sakshandsamar NAV - Bustadkontoret
E-post
Telefon 412 92 576
Til toppen