Husbanken sine låne- og tilskotsordningar

Startlån

Startlån er ei ordning retta mot personar med langvarige bustad- og finansieringsproblem. Det er ei behovsprøvd låneordning. Den skal nå dei som er vanskelegstilt på bustadmarknaden og som har økonomisk utfordringar med å betene eit lån. Har du låg inntekt, kan startlånet kombinerast med tilskot eller søknad om bustønad, dersom vilkår for dette er oppfylt.  Startlån kan gje deg moglegheit til å få ein nøktern og rimelig bustad.

Kven kan få startlån/tilskot?

Me legg vekt på at:

  • Du må ha langvarige problem med å finansiera eigen bustad.
  • Du må ha nytta sparing ut frå din økonomiske situasjon.
  • Startlån er behovsprøvd.

Kan du få startlån?

Startlån kan nyttast til kjøp av bustad, refinansiere med pant i eigen bustad, kjøpa ut ektefelle og tilpasse/utbetra bustad. I nokre tilfelle kan kommunen kombinera startlån med kommunale tilskot til tilpassing eller etablering.

Her kan du sjekka om du kan få startlån.

Kor mykje kan du låna?

Lånesum kan variere frå søkjar til søkjar og det blir gjort individuelle vurderingar. Bustaden må være eigna for husstanden, vera nøktern og rimeleg samanlikna med prisnivået i Årdal.

Slik søkjer du

For å søkja startlån må du ha ein sikker elektronisk ID, ein BankID. Dersom du ikkje kan skaffe ein BankID, kan du gje ei fullmakt til ein medhjelpar som kan logga seg på for å søkja for deg.

Her kan du søkje startlån 

Kva skjer vidare?

I Årdal kommune er det bustadkontoret som sakshandsamar alle saker som gjeld startlån. Sakshandsamingstid er for tida minimum 3 veker, men i periodar med mange saker kan ein oppleve lenger sakhandsamingstid.  

Søknadar vert ikkje rekna som levert, og vert ikkje handsama, før all naudsynt dokumentasjon er motteke.

Klage

Du har rett til å klaga om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå den dagen du har fått vedtak. Før du klagar må du lese grunnlaget for vedtaket og sakshandsamar si vurdering. Du kan senda klaga digitalt i Husbanken.

Lover og reglar

Forskrift om startlån

Tilskot frå kommunen

Tilskotet skal bidra til å skaffe eigna bustadar for personar som er vanskelegstilte på bustadmarknaden. Tilskotet skal også sikra at vanskelegstilte kan bli buande i eigna bustad. Les meir om ordninga på heimesida til Husbanken

Slik søkjer du tilskot frå kommunen

I Årdal kommune er det bustadkontoret som behandler alle saker som gjeld tilskot. Normal behandlingstid er 3 veker, men kan vera lengre i samband med høgtider og feriar.

Søknadar vert ikkje rekna som levert, og vert ikkje behandla, før all nødvendig dokumentasjon er motteke.

Finn søknadskjema på Husbanken sine sider.

Klage

Du har rett til å klaga om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vera skriftleg og grunngjeven. 

Klage sende du til:
Bustadkontoret
NAV Årdal
Statsråd Evensensveg 4-6
6885 Årdalstangen

Tilskot til tilpassing

Treng du å få tilpassa bustaden din for å kunna halda fram med å bu der? Då kan du søkja om finansiering til små eller store ombyggingar og tilpassingar. Les meir om ordninga på heimesida til Husbanken 

Slik søkjer du tilskot til tilpassing

Søknadskjema 

Kva skjer vidare?

Du søkjer tilskot på Husbanken sin nettsider. Søknaden blir deretter handsama lokalt av sakshandsamar i kommunen. 

I Årdal kommune er det bustadkontoret som behandler alle saker vedrørande tilskot. Normal behandlingstid er 3 veker, men kan vera lengre i samband med høgtider og feriar.

Søknadar vert ikkje rekna som levert, og vert ikkje behandla, før all nødvendig dokumentasjon er motteke.

Klage

Du har rett til å klaga om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vera skriftleg og grunngjeven. 

Klage sende du til:
Bustadkontoret
NAV Årdal
Statsråd Evensensveg 4-6
6885 Årdalstangen

Har du spørsmål?

Cathrine Stedje Jørgensen
Sakshandsamar NAV - Bustadkontoret
E-post
Telefon 412 92 576
Til toppen