Brannberedskap

Oppgåvene til beredskapen er innsats ved brann og ulykker. I tillegg kjem andre typer redningsoppdrag, samt ei rekke vedlikehaldsøvingar og undervisningsoppgåver.

Beredskapsavdelinga er bygd opp kring tre brannstasjonar i vårt ansvarsområde, slik at innsatstid og tilgjengeleg førsteinnsatsstyrke vert optimal. Brannberedskapen er bygd opp av deltidsmannskap med ulike vaktordninger. I Årdal er det etablert samarbeid med Hydro for å sikra best mogleg brannberedskap for industrianlegga og kommunen sine innbyggarar.

  • Avdelinga har ansvar for ROS, beredskapsanalysar, beredskapsplanar og HMT. 

Mannskapa er utstyrt med nødnettradio og rykker ut når alarmen går i ansvarsområdet.

Oppgåver ved brann, ulykker, klimabaserte hendingar og naudhjelp.

  • Brannslokking
  • Røyk-, gass-, og kjemikaliedykking
  • Assistanse ved trafikk- og tunnelulykker
  • Frigjering av fastklemte personar
  • Overflateredning
  • Akuttberedskap ved ureining på land og sjø i eigen kommune og gjennom IUA (Interkommunalt utval mot akutt ureining)
  • Bistand til politi, helse
  • Bistand til andre kommunar

Det er til ein kvar tid eit vaktlag i beredskap, samt  innsatsleiar som har heimevakt.

Årdal brann og redning er utstyrt med to mannskapsbilar, tankbil, brannlift og mindre redningsbilar. I tillegg har me båt, pumper, slangemateriell og diverse utstyr til andre oppdrag. I Lærdal er det 1 mannskapbil, tankbil, redningsbil og framskutteining.

Ved brann eller ulykker ringer du 110 og får hjelp av oss.

Til toppen