Eigenberedskap

Har du alt du treng for å klare deg sjølv i minst tre døgn dersom straum og vatn plutseleg vert borte?

foto: DSB

DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) anbefale at alle husstandar i Noreg tek nokre enkle grep for å betra sin eigenberedskap. Det er utarbeidd konkrete råd for alle innbyggarar som du kan lese her på sikkerhverdag.no. Du finn mellom anna forslag til eit beredskapslager for å klara deg heime i minst tre døgn (72 timar).

Kvifor eigenberedskapsråd?

Ekstremvêr kan føra til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnettet.
I tillegg er vi som bur i Noreg vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det daglege livet vårt skal gå rundt utan store problem. Det er faktisk ein sårbarheit.

Sjølv om me lever i eit trygt land, kan uønskt hending skje også av oss. Og om vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.

Ved å vere førebudd bidreg du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.

Brosjyre, norsk (PDF)

Brosjyre, engelsk (PDF)

Brosjyre, polsksomaliskarabisk, (PDF)