Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona. Information about corona in other languages.

- Vaksinetelefon 989 06 097 open måndag til fredag 08:00 - 12:00 og 13:00 - 14:30
- Bestille time for test 57 66 53 90 (testing måndag, onsdag og fredag kl. 13.00 kvar veke)
- Koronatelefon 901 11 630 (ope måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00)

            Informasjonsmeldingar Status vaksinering i Årdal

Me treng valmedarbeidarar

I år er det Stortings- og sametingsval og Årdal kommune treng valmedarbeidarar til å jobbe i vallokala våre søndag 12. og måndag 13. september. 

For at kommunen skal ha nok ressursar til å gjennomføre valet og samtidig legge til rette for eit godt smittevern i samband med koronasituasjonen, treng me fleire valmedarbeidarar enn vanleg.

Det vil vere to vallokaler, eitt i Øvre Årdal og eitt på Årdalstangen og valmedarbeidarane vert fordelt på desse to.

  • Du må fylle 18 år i 2021.
  • Du kan ikkje vere listekandidat til parti som stiller liste Stortings- og sametingsvalet.
  • Alle vil få opplæring

Me treng:

  • personar til å registrere i elektronisk manntal og her ønskjer me personar som er nøyaktige, systematiske og datakyndige. Du må ha bank-ID for å kunne logge på løysinga.
  • personar til å vere vakt i og utanfor vallokalet, rettleie velgjarane i og utanfor vallokalet, halde orden og vere med å telje stemmesedlar på valdagen. 

Du må vere omgjengeleg, imøtekommande og kunne kommunisere godt på norsk. 

 

Arbeidstid

Søndag 12. september kl. 11.00 – 18.00 
Måndag 13. september kl. 09.00 - ca. 22.00 (til me er ferdige med å telje opp og rydde i vallokalet)

Det vil bli delt opp i fleire skift og det er ein fordel om du kan jobbe lengre økter.

 

Lønn/godtgjering:

Det vert utbetalt godtgjering etter eigne satsar.

 

Elektronisk søknadsskjema

Alle må melde seg på via vårt elektroniske søknadsskjema. Frist 25. mai.

 

Bli valmedarbeidar

 

Til toppen