Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona. Information about corona in other languages.

- Vaksinetelefon 989 06 097 open måndag til fredag 08:00 - 12:00 og 13:00 - 14:30
- Bestille time for test 57 66 53 90 (testing måndag, onsdag og fredag kl. 13.00 kvar veke)
- Koronatelefon 901 11 630 (ope måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00)

            Informasjonsmeldingar Status vaksinering i Årdal

Vallokale og opningstider på valdagen

I år kan du stemme både søndag 12. og måndag 13. september i Årdal. Me prøver på denne måten å legge til rette for at det ikkje vert samla så mykje folk samtidig og at ein unngår for stor kø.

Hugs gyldig legitimasjon når du skal stemme. Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, førarkort eller bankkort med bilde. Legitimasjonen skal innehalde bilde, namn og fødselsdato.

Hugs også at du kan stemme i det lokalet som passar best for deg.

Opningstidene er

Begge stemmelokale har ope søndag frå kl. 12:00 - 17:00 og måndag kl. 10:00 - 19:00

Årdalstangen krins: stemmelokale i rådhuset 
Øvre Årdal krins: stemmelokale i kulturhuset

Isolasjon eller karantene

Er du i isolasjon eller karantene på valdagen så kan du ikkje møte i vallokalet. Da kan du søkje om å få stemme der du oppheld deg. 
Frist for å be om dette er kl. 10:00 på valdagen 13. september. Du ringer 57 66 52 20 for å gjere avtale.

Til toppen