Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona. Information about corona in other languages.

- Vaksinetelefon 989 06 097 open måndag til fredag 08:00 - 12:00 og 13:00 - 14:30
- Bestille time for test 57 66 53 90 (testing måndag, onsdag og fredag kl. 13.00 kvar veke)
- Koronatelefon 901 11 630 (ope måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00)

            Informasjonsmeldingar Status vaksinering i Årdal

Smittevern og val

Det skal vere trygt å stemme. Me vil derfor sørge for å ha godt smittevern i alle vallokale.

Me oppmodar så mange som råd til å førehandsstemme ved årets val, dette for å minske smitterisiko på grunn av koronapandemien.

Regjeringa har laga ei rettleiing for smittevern i samband med valgjennomføring. Årdal kommune følger denne ved gjennomføring av stortings- og sametingsvalet.

Oppsummering av innhaldet i rettleiaren:

  • Valet kan gjennomførast
  • Ingen sjuke kan vere i stemmelokala, men det skal leggast til rette for at alle får stemt
  • Kontaktreduserande tiltak i alle ledd for å sørge for god avstand
  • Kommunane må sørge for godt reinhald og god hygiene

Regjeringa si rettleiing om smittevern under valet

Til toppen