Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona. Information about corona in other languages.

- Vaksinetelefon 989 06 097 open måndag til fredag 08:00 - 12:00 og 13:00 - 14:30
- Bestille time for test 57 66 53 90 (testing måndag, onsdag og fredag kl. 13.00 kvar veke)
- Koronatelefon 901 11 630 (ope måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00)

            Informasjonsmeldingar Status vaksinering i Årdal

Slik stemmer du

Måndag 13. september er det stortings- og sametingsval. Du kan førhandsstemme frå 10. august til 10. september. 
For å stemme ved stortingsvalet og sametingsvalet må du ha stemmerett.

Les om kven som har stemmerett her 
 

Førehandsstemming frå 10. august

Frå og med 10. august til og med 10. september kan du førehandsstemme i alle vallokale i heile landet. Dersom du stemmer i ein annan kommune enn der du har bustadsadresse, blir stemma sendt til heimkommunen din (der du er registrert busett i folkeregisteret per 30. juni).
 

Ikkje mogleg å stemme fleire gongar

Dersom du har førehandsstemt kan du ikkje stemme på nytt på valdagen. Du kan heller ikkje førehandstemme fleire gongar.


Stemme på valdagen

Valdagen for stortings- og sametingsvalet 2021 er måndag 13. september. I Årdal kan du stemme søndag 12. september og måndag 13. september.


På valdagen kan du berre stemme i heimkommunen din, altså der du er registrert busett i folkeregisteret per 30. juni.

Informasjon om vallokale og opningstider på valdagen finn du her


Hugs legitimasjon

Det er ikkje nødvendig å ta med valkort for å stemme, men du må ta med legitimasjon.

Legitimasjonen må innehalde namn, fødselsdato og bilde. Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilde.

Til toppen