Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona. Information about corona in other languages.

- Vaksinetelefon 989 06 097 open måndag til fredag 08:00 - 12:00 og 13:00 - 14:30
- Bestille time for test 57 66 53 90 (testing måndag, onsdag og fredag kl. 13.00 kvar veke)
- Koronatelefon 901 11 630 (ope måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00)

            Informasjonsmeldingar Status vaksinering i Årdal

Legitimasjon og valkort

 

Legitimasjon

Du må ta med gyldig legitimasjon når du skal stemme, både ved førehandsstemming og på valdagen. Det er ikkje tilstrekkeleg å oppgi namn og fødselsdato.

Legitimasjon kan for eksempel vere pass, førarkort og bankkort med bilde, men du kan også bruke annan type legitimasjon. Kravet er at legitimasjonen inneheld namn, fødselsdato og bilde.
 

Du får valkortet ditt digitalt

Ved stortingsvalet 2021 vil dei fleste få tilsendt valkortet digitalt. Personar som har reservert seg mot digital post frå det offentlege vil framleis få valkortet på papir.

På valkortet finn du nyttig informasjon om valet. I år blir dei sendt ut digitalt, og kan difor brukast direkte på mobiletelefonen. Det er ikkje nødvendige å skrive det ut. Det er heller ikkje nødvendig å vise valkortet når du skal røyste, men det gjer sjølve røystegjevinga enklare og raskare. 

- Det einaste du MÅ ha med deg er legitimasjon med fullt namn, bilete og fødselsdato. Har du dette, så får du røysta. 
 

Utsending av kort

Alle som får valkort digitalt, blir varsla om dette med ein SMS. Dei som brukar Digipost eller E-boks, finn valkortet sitt der. Dei som ikkje har en digital postkasse får tilgang til valkortet via valg.no eller på Altinn.

Dei som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadene, får fortsatt valkort tilsendt på papir.

Til toppen