Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona. Information about corona in other languages.

- Vaksinetelefon 989 06 097 open måndag til fredag 08:00 - 12:00 og 13:00 - 14:30
- Bestille time for test 57 66 53 90 (testing måndag, onsdag og fredag kl. 13.00 kvar veke)
- Koronatelefon 901 11 630 (ope måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00)

            Informasjonsmeldingar Status vaksinering i Årdal

Har du stemmerett? - kunngjering av manntalet

For å kunne stemme ved storting- og sametingsvalet 2021 må du ha stemmerett og vere innført i manntalet. 

Du er innført i manntalet i den kommunen der du ifølgje Folkeregisteret budde onsdag 30. juni 2021. 

Frå måndag 12. juli til og med valdagen ligg utleggingsmanntalet for Årdal kommune til offentleg ettersyn på tenestetorget på rådhuset og på Årdal bibliotek. Då kan du sjå om du står registrert og manntalsført i denne kommunen.

Du har stemmerett ved stortingsvalet 2021 dersom du oppfyller desse fire kriteria:

  • Er norsk statsborgar
  • Har fylt 18 år innan utgangen av 2021
  • Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg
  • Ikkje har mista stemmeretten etter Grunnlova § 53

Har du flytta til ein anna kommune og melding om flytting ikkje er registrert i folkeregisteret innan 30. juni 2021, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Då kan du velje om du vil røyste på valdagen i den kommunen du har flytta frå, eller om du vil førehandsrøyste.

Dersom du meiner at du sjølv eller nokon andre er feil innført eller ikkje står i manntalet i kommunen, kan du krevje at valstyret rettar opp feilen jf, valglovens § 2‐7. Kravet skal vere skriftleg og grunngjevast.

Adressa til valstyret er:

Årdal Valstyre
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen.

Sametingets valgmanntall

Du må stå i Sametinget sitt valmanntall viss du skal stemme ved Sametingsvalet 2021.

Du kan undersøke om du står i valmanntall til Sametinget fra 12. juli og fram til valdagen 13. september 2021 på Tenestetorget i rådhuset.

Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan uriktig er blitt innført eller utelatt fra Sametingets valmanntall, kan du kreve at Sametinget rettar opp feilen. Kravet skal vere skriftleg og grunngjeve og sendast snarast mogleg til Sametingets valnemnd, Postboks 3, 9735 Karasjok.

Til toppen