Kommuneplan

Kommuneplan er kommunen sin overordna plan og viktigaste styringsverktøy. Den skal leggje til rette for ønska samfunnsutvikling, arealforvaltning og tenesteproduksjon. Kommuneplanen er i to deler; samfunnsdel og arealdel. 

 

Samfunnsdelen

Kommuneplanen sin samfunnsdel er kommunen sitt viktigaste plandokument. Samfunnsdelen byggjer på kommunen sin vedtekne planstrategi, og er samstundes grunnlaget for kommunen sin arealplan.

Samfunnsdelen av kommuneplanen er ein overordna plan for samfunnet Årdal og for verksemda Årdal kommune. Planen skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet i heilskap og kommunen som organisasjon. Kommuneplanen sin samfunnsdel skal vere grunnlag for sektorane sine planar og verksemda i kommunen.

Arealdelen

Kommunen sin arealdel er ein oversiktsplan som syner rammer for arealbruken i kommunen, og planen er ein del av kommuneplan for Årdal kommune. Saman med kommuneplanen er arealdelen det overordna styringsverktøyet for utbygging i Årdal kommune.

Sjå planane i kartportalen

Kommunedelplanar

Kommunedelplan er ein plan for bestemte områder, tema eller sektorområder. Kommunedelplanar vert utarbeidd etter behov. Det kan i tillegg utarbeidast delplaner for arealbruk.

Fag og temaplanar

Dette er planar som er utarbeidd for å ivareta eit bestemt fagområde eller tema. Dei skal skildre utfordringane på det aktuelle feltet, sette mål og definere strategiar for å nå måla, samt forslag til tiltak for å nå dei ønskte målsettingane.

Til toppen