I samsvar med plan- og bygningslova § 5-2 og §11-14 og forvaltningslova § 37 blir kommunedelplan vatn 2022-2026 og kommunedelplan avløp og overvatn 2022-2026 lagt ut til høyring og offentleg ettersyn.
Vassforsyning er ei av kommunen sine primæroppgåver, og kommunen bør difor ha ein langsiktig plan for vassforsyninga. Hovudplan vatn er ein temaplan som sorterer under samfunnstemaet til kommuneplanen.
Planen vil vere kommunen sin overordna plan for vassforsyninga og vil vere styrande for kommunen sin økonomi- og handlingsplan som vert rullert årleg. Og den vil beskrive korleis Årdal kommune skal oppfylla eigne mål knytt til vassforsyninga, samtidig som krav i lov og forskrifter vert halde.
Kommunedelplan vatn 2022-2026
Oversiktskart Øvre Årdal
Oversiktskart Årdalstangen
Hovudplanen for avløp og overvatn 2022-2026 skal vere eit retningsgivande dokument for arbeid i planperioden. Den skal syne kor VA–systema i kommunen står i dag, og korleis dei skal sjå ut i framtida. Dette legg føringar for korleis informasjonsinnhenting, detaljplanlegging, investeringar med meir skal gjerast.
Planperioden er sett til 2022 – 2030, som hovudregel skal planen rullerast kvart fjerde år. Neste rullering er difor i 2026. Det er viktig at ny informasjon frå gjennomførte tiltak, detaljplanlegging, drift og separate studiar vert tekne inn i hovudplan ved rullering, slik at hovudplanen vert eit levande og styrande dokument.
Kommunedelplan avløp og overvatn 2022-22026
Oversiktskart Øvre Årdal
Oversiktskart Årdalstangen
Merknader til planane kan rettast til Årdal kommune, Statsråd Evensens veg 4, 6885 Årdalstangen eller postmottak@ardal.kommune.no innan 22.03.2023.
Spørsmål knytta til planane kan rettast til kommunalsjef teknisk, plan og miljø Ellen Petrine Fretheim