Utval for helse, omsorg og NAV
Det politiske arbeidet på nivået under kommunestyret er organisert som utval. Utvalet er saksførebuande organ for kommunestyret utan vedtaksmynde.
Utval for helse, omsorg og NAV har 7 medlemer valde av kommunestyret etter reglane i kommunelova. Medlemene av utvalet skal vere medlemer av kommunestyret. To av medlemene skal vere medlemer av formannskapet.
Oversikt medlemer, møteplan og møtedokument.
Sist endra 09.12.2021 09:33
Utvalet skal gje innstilling til formannskapet i plansaker og saker som gjeld overordna retningsliner/regelverk innanfor utvalet sitt ansvarsområde. Utvalet skal ikkje handsame saker som er av rein driftsmessig karakter, eller saker der avgjerdsmynde er delegert til kommunedirektør eller formannskap.
Utvalet skal vere politisk styringsgruppe for prosjekt innanfor ansvarsområdet sitt. Dersom det er tvil om ei sak skal handsamast av eit utval, tek kommunedirektøren avgjerd i samråd med ordføraren.
Utval for helse, sosial og omsorg har ansvarsområde i saker som vedkjem:
- Eldreomsorg
- Bu- og miljøtenesta
- Sosialtenesta / NAV
- Barnevern
- Helsetenester
Sigmund Solvoll, AP er leiar av utvalet og Kirsti Eklund, AP er nestleiar.