Ungdomsråd

Ungdomsrådet er eit rådgivande organ for kommunen. Det skal få alle saker som gjeld levekår for ungdom til handsaming.  

Følg ungdomsrådet på facebook

  • Årdal ungdomsråd skal fremja ungdommane sine interesser og tala deira sak i Årdal kommune.
  • Årdal ungdomsråd skal gje politikarane i kommunen råd om handsaming av saker som vedkjem ungdom.
  • Årdal ungdomsråd skal ta opp saker som rådet meinar er viktig for ungdom i kommunen.

Ungdområdet i Årdal

Michal Jan Niedzwiecki (leiar)
Eskil Bakk Jensen (nestleiar)
Kaja Hove
Christoffer Vamråk
Mathea Breivik
Jonas Nesse
Kristoffer Lomheim
Olai Holsæter
Christian Sønstlien, AP (representant frå kommunestyret) 

Valperioden for ungdomsrådet er to år.

Innbyggarane sin medverknad i kommunale prosessar der ein skal ta ei avgjerd, er ein viktig del av eit levande lokaldemokrati. Ungdom er ofte underrepresentert i folkevalde organ.Det er nødvendig at ungdom får uttale seg for å sikre at ein er klar over dei konsekvensane vedtaket får for dei gruppene som det gjeld.

Lovfesta ordningar for medverknad skal sikre ei brei, open og tilgjengeleg medverknad i saker som gjeld ungdom og at sakene vert betre opplyste. Ungdomsrådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem dei unge. 

Regjeringa har laga ei omfattande rettleiing for ungdomsråd. 

 

Har du spørsmål?

Stine Moen Bakken
Leiar kultur, idrett og fritid
E-post
Telefon 473 28 147
Til toppen